Medlemskap i Haugaland Opplæringskontor
Når lærebedrift er medlem i Haugaland Opplæringskontor blir opplæringskontoret kontraktspart på vegne av medlemsbedrifta når det blir etablert lærekontrakt/opplæringskontrakt og har ansvar for:
- Godkjenning av lærebedrifta i aktuelle fag
- Utarbeiding av intern opplæringsplan for faget i lærebedrifta (lovpålagd)
- Etablering av lærekontrakt/opplæringskontrakt
- Oppfølging/vurdering av lærling/lærekandidat i læretida
- Oppmelding til fag-/svenneprøve
Rekruttering av lærlingar
Haugaland Opplæringskontor marknadsfører ledige læreplasser i medlemsbedriftene gjennom direkte kontakt til aktuelle vidaregåande skular, skulebesøk og annonser. Inkludert i medlemskapet er profil på nettportalen finnfag.no
Oppfølging i læretida
Haugaland Opplæringskontor brukar OLKWEB til oppfølging av lærlingar. Her samarbeider fagleg leiar, instruktør(ar) og opplæringskontor om rettleiing, dokumentasjon og evaluering i læretida. Opplæringskontoret administrerar OLKWEB for bedrifta og har opplæring og rettleiing for aktørane.
Ta kontakt for meir info eller søknad om medlemskap:
- Kontaktskjema på heimesida
- e-post: post@iho.no
- tlf: 91359266
Vedlegg under:
Vedtekter for Haugaland Opplæringskntor
Retningslinjer for samarbeid med medlemsbedrifter