Om Haugaland Opplæringskontor

Haugaland Opplæringskontor (IHO) er eigd av medlemsbedriftene som styrer aktiviteten til kontoret gjennom Årsmøtet og styret. Medlemsbedriftene i opplæringskontoret vel på årsmøtet 5 medlemmer i styret. Opplæringskontort har ein tilsett som dagleg leiar.

Hovedoppgåva for opplæringskontoret er rekruttering og oppfølging av lærlingar i dei av medlemsbedriftene som ynskjer å ta inn lærlingar.

Haugaland opplæromgslpmtpr engasjerar seg òg i saker som fremmar fagutdanning og kompetanseheving i distriktet og samarbeidar med grunnskulane i kommunane og dei vidaregåande skulane. Opplæringskontoret er t.d. engasjert i yrkesorientering i skulane, utdanningsmesser, tilbodsstrukturen i vidaregåande skule.

I tillegg ordinære lærlingkontraktar tilrettelegg opplæringskontort for medlemsbedriftene også i dei andre ordningane som gir fagutdanning: praksiskandidat, avvikande opplæringsløp, opplæringskontraktar, voksenlærlingar.

Lærlingordninga er del av vidaregåande utdanning og styrt gjennom opplæringslova og utarbeidde læreplanar for kvart fag. Yrkesutdanningsnemnda i fylket godkjenner og fører tilsyn med opplæringa i bedriftene. Som kontraktpart med lærlingen er opplæringskontoret kontakt og ansvarleg mot fylkeskommunen. Samarbeidet med medlemsbedriftene om opplæringa er styrt gjennom vedtekter for Haugaland Opplæringskontor og retningslinjer for samarbeid med medlemsbedrifter.

site.right.text