Normalt er halve læretida i bedrift opplæring medan den andre halvdelen blir rekna som verdiskaping for bedrifta. For den delen som er verdiskaping skal lærlingen ha utbetalt løn frå bedrifta. Opplæringsdelen skal ikkje lærlingen ha løn for men fylkeskommunen betalar ut tilskot til lærebedrifta.
IHO blir drive av medlemskontingent og lærlingtilskotet for lærlingane. Overskotet frå IHO blir utbetalt kvart år i høve til kor lang tid og kor mange lærlingar kvar medlemsbedrift har. Utbetalinga varierar i høve til kor mange lærekontraktar kontoret har og kor stor aktivitet kontoret har. Utbetalinga til medlemsbedriftene har til når vore mellom 65% og 90% av lærlingtilskot.
Satsar:
Medlemskontingent (pr år) kr 500