Medlemskap i Haugaland Opplæringskontor

 

Når lærebedrift er medlem i Haugaland Opplæringskontor blir opplæringskontoret kontraktspart på vegne av medlemsbedrifta når det blir etablert lærekontrakt/opplæringskontrakt og har ansvar for:

  • Godkjenning av lærebedrifta i aktuelle fag
  • Utarbeiding av intern opplæringsplan for faget i lærebedrifta (lovpålagd)
  • Etablering av lærekontrakt/opplæringskontrakt
  • Oppfølging/vurdering av lærling/lærekandidat i læretida
  • Oppmelding til fag-/svenneprøve

 

Rekruttering av lærlingar

Haugaland Opplæringskontor marknadsfører ledige læreplasser i medlemsbedriftene gjennom direkte kontakt til aktuelle vidaregåande skular, skulebesøk og annonser. Inkludert i medlemskapet er profil på nettportalen finnfag.no

 

Oppfølging i læretida

Haugaland Opplæringskontor brukar OLKWEB til oppfølging av lærlingar. Her samarbeider fagleg leiar, instruktør(ar) og opplæringskontor om rettleiing, dokumentasjon og evaluering i læretida. Opplæringskontoret administrerar OLKWEB for bedrifta og har opplæring og rettleiing for aktørane.

 

Ta kontakt for meir info eller søknad om medlemskap:

  • Kontaktskjema på heimesida
  • e-post: post@iho.no
  • tlf: 91359266

 

Vedlegg under:

Vedtekter for Haugaland Opplæringskntor

Retningslinjer for samarbeid med medlemsbedrifter